Quantcast
Channel: - Sjokoladebloggen
Viewing all 179 articles
Browse latest View live

Snurr

$
0
0

(Bilde : Nidar reklamefilm)

For nokre dagar sidan kom eg over eit litt interessant produkt frå Nidar som eg aldri hadde høyrt om før. Eg såg det i eit lite klipp frå ein gammal reklamefilm. Det kunne sjå ut som om det var ein slags "Twist"-kopi. Eg tok kontakt med Nidar for å prøve å finne ut kor tid det var i sal men det visste dei ikkje. Dei kjente til produktet men hadde ingen informasjon om det. Freia "Twist" kom i 1957 så eg vil tru at Nidar "Snurr" kom litt etterpå. Det kan sjølvsagt tenkast at "Snurr" kom først, men det tvilar eg sterkt på. I såfall vil eg bli veldig overraska. Om eg finn ut kor tid det var i sal så vil eg kome tilbake til det seinare.


Twix White

$
0
0

For eit par dagar sidan kjøpte eg denne nye "Twix"-varianten i ein kiosk. Det er ein "limited edition"-sjokolade, altså berre tilgjengeleg i eit avgrensa opplag. Eg har vel kanskje tidlegare nemnt at eg synest det er litt dumt med slike "limited edition"-sjokoladar. Grunnen til det er at om det kjem ein sjokolade i "limited edition" som ein likar veldig godt, er det synd om den då blir borte frå marknaden etter forhaldsvis kort tid. "Twix White" har i likheit med vanleg "Twix" ein kjerne av kjeks med eit karamell-lag på toppen. Men sjokoladetrekket rundt består av "kvit sjokolade" i staden for vanleg mjølkesjokolade. Eg er vel ein av dei som ikkje ser på "kvit sjokolade" som ekte sjokolade, men vil bruke det uttrykket her på bloggen sidan det er det folk kjenner til. Eg har vel heller ikkje noko alternativt uttrykk for det.

Eg likar godt kombinasjonen sjokolade, kjeks og karamell. Og "Twix White" har like god konsistens som orginalen. Men den "kvite sjokoladen" gjer at smaken etter mi meining ikkje blir så god som vanleg "Twix".

Gammal Firkløver

$
0
0

 
Frå samlinga mi denne gongen har eg funne fram ein gammal "Firkløver". Nokre hugsar vel kanskje denne "Firkløver"-embalasjen. Som ein kan sjå er Freia-logoen av den typen som blei brukt før 1997. Det står inga datostempling på baksida, men eg vil nok tru at den er frå tidleg på 90-talet. Det er mogleg at embalasjen og var i bruk ein del før den tid.

Sjokoladeskruar

$
0
0


Rema 1000 sine "Sjokoladeskruer" har vore på marknaden ganske lenge. Men no har det og dukka opp sjokoladeskruar i andre butikkar. Posen til høgre er den typen som blir produsert for ICA. Eg trur og at det finst ein variant som blir seld hos Bunnpris. Det står ikkje på dei to posane kven som har produsert sjokoladeskruane og eg trudde først at det kanskje var Nidar. Men etter litt undersøking fann eg ut at det er Foodman (norsk bedrift). Sjølv om det er same bedrift som produserar alle sjokoladeskruane, og dei er veldig like, så er det litt forskjel i oppskrifta. Bildet på posane kan likne litt på "Maarud potetskruer", men dette er salte maisskruar med sjokoladetrekk.
"Smash!" er nok det produktet som desse sjokoladeskruane liknar mest på. Men dei kan no ikkje heilt måle seg med "Smash!". Av dei to variantane her er det vel kanskje Rema 1000-varianten som kjem nærmast. Den har litt meir markert saltsmak enn den andre. Desse to sjokoladeskrue-posane er likevel såpass like at eg vel å gje dei same karakter.

Freia-pins

$
0
0


Til kategorien "Freia-nostalgi" har eg denne gongen funne fram eit sett med Freia-pins som eg fikk kjøpt for nokre år sidan. Settet består av 12 pins med motiv av Kjell Aukrust. Det er hans figur Emanuel Desperados som er teikna i forskjellige vintersportsøvelsar. Ein kan kjenne igjen nokre av motiva frå den Kvikk-lunsj-boksen som eg har vist tidlagare her på bloggen. Som boksen er desse pinsa knytta til OL på Lillehammer i 1994. Og i tida rundt OL var pinssamling veldig populært.

Nøttekos

$
0
0

For ikkje så lenge sidan så kom produktet "Nøttekos" frå Minde sjokoladefabrikk. Brynild Gruppen eig både Minde sjokoladefabrikk og Den lille nøttefabrikken og dette er eit slags kombinasjonsprodukt. Dei har tatt nøtteblandinga "Spesial" frå Den lille nøttefrabrikken og kombinert med Minde sjokolade. Det som er overtrukke med lys mjølkesjokolade er peanøtter, mandlar, cashewnøtter og macadamianøtter. Nøttene er røsta i rapsolje og dryssa med havsalt før sjokoladetrekket er lagt på. 

Eg blei positivt overraske over dette produktet. Eg hadde forventa at det skulle vere litt "rotete" smaksmessig sidan det er så mange forskjellige nøtter i same blanding. Men dei passar veldig godt ilag. Dei verkar og akkurat passeleg salta og sjokoladen er god. Eg greide det så vidt, men det var vanskeleg å la vere å ete opp heile posen i ein omgong.

Embalasjen til produktet synest eg er litt for "blass" og anonym. Produktet hadde fortjent ein "friskare" og meir innbydande embalasje. Det trur eg og ville ha auka salet. Og det manglar eit bindestrek i produktnamnet på posen. (Det gjer det forresten i Brynild Gruppen og.)

 

Kvikk lunsj - 75 år

$
0
0

I år er "Kvikk lunsj" 75 år og for å markere jubileumet har det blitt gitt ut ein ny "Kvikk lunsj"-boks. Den blir selt i eit avgrensa opplag (80 000 stk.) og så vidt eg veit var den mogleg å få kjøpt frå 1. september. Det er nok ikkje alle butikkar som har den og eg har sjøv ikkje sett den til sals før for nokre dagar sidan. Sjølv om det er plass til åtte "Kvikk lunsj" i boksen så inneheld den berre fire. Eg reknar med at det er på grunn av at åtte "Kvikk lunsj" nok hadde gjort utsalsprisen for høg. Sidan "Kvikk lunsj" blir marknadsført som "tursjokoladen" så synest eg at det passar veldig bra at ein lagar ein slik "matboks" som folk kan bruke på tur. Noko som kan vere ein ulempe frå turgåaren si side er nok den store faren for at ein får lyst på sjokolade i staden for brødskiver kvar gong ein skal ete nista si. Noko som skiljer denne boksen frå tidlegare "Kvikk lunsj"-boksar er at den ikkje er hengsla. Lokket kan takast heilt av.

Slutt på Freia Melkedrøm

$
0
0

Sjokoladeplateserien "Melkedrøm" har no gått ut av produksjon. Det kan vel finnast nokre plater igjen i nokre butikkar, men det er nok siste rest. Dei første variantane av sjokoladen kom i 2009. Til saman har det vore seks forskjellige variantar av "Melkedrøm" på marknaden, men ikkje alle på same tid.


Dei seks forskjellige fylltypane som har vore er : -Bringebær og yoghurt,   -Karamell og valnøtt,  -Krokan, krem og karamellsaus,  -Kjeks, krem og sjokoladesaus,  -Kjeks, krem og jordbærsaus,  -Vaniljekrem og blåbærsaus.

Grunnen til at dei no har gått ut av produksjon reknar eg med er fordi dei ikkje sel nok til å forsvare sin plass i butikkhylla.


Fruktnøtt

$
0
0

For nokre månadar sidan fikk "Fruktnøtt" (saman med dei andre Freia-sjokoladeplatene) ny embalasjedesign. Eg likar ikkje så godt den nye embalasjen som den gamle. Det er spesielt den kvite logoen mot lilla bakgrunn som eg ikkje synest passar. Sjokoladebitane som er avbilda ser og litt for mørke ut og rosinene liknar på lakrisbitar. Men det "bandet" som går frå Freia-logoen og over heile framsida er finar på den nye embalasjen.

"Fruktnøtt" blei lansert i 1963 og er "Freia melkesjokolade" med hasselnøtter og rosiner. Mjølkesjokolade, hasselnøtter og rosiner synest eg passar meget bra i lag. Og spesielt rosinene synest eg bidreg til at sjokoladen og får ein god konsistens. "Fruktnøtt" er faktisk ein av mine favorittsjokoladar. Kva er dine favorittar?

"Rosekonfekt"

$
0
0


Her har eg funne fram ei gammal konfekteske som eg berre har kalla "Rosekonfekt". På eska står det Freia-logo under, på sidene og på eit lite klistermerke på lokket. Men det står ikkje kva sjølve konfekttypen heiter. Sidan den ikkje har noko namn så er det og vanskeleg å finne ut kor gammal den er. Men eg vil tru at den kan vere frå før 1950. Eska er ca. 22,5 x 15 x 2,5 cm.

Mokkabønner og Kremtopper

$
0
0

To sjokoladeprodukt som eg knyttar til jul er "Mokkabønner" og "Kremtopper". (Sjølv om eg så og seie aldri kjøper dei sjølv.) Produkta blir selt året rundt, men har nok tradisjonelt sett blitt sett på som juleprodukt. Embalasjen til desse to produkta blei redesigna i 2010 og er vel kanskje den mest vellykka redesignen eg har sett på noko sjokoladeprodukt. Dei greide å lage ein lekker og "fristande" embalasje og samtidig behalde kjernen av det gamle.


"Mokkabønner" frå Nidar kom på marknaden i 1924. (Men Bergene som seinare fusjonerte med Nidar starta produksjon av mokkabønner i 1917.) Mokkabønner er mørk sjokolade smaksatt med kaffe og sjokoladane er forma som kaffebønner. Eg synest at det er litt utruleg at dette produktet har overlevd på marknaden så lenge. Og i følgje Nidar sine nettsider har dei i det siste året selt ca. 590 000 esker. Kven det er som kjøper alle desse mokkabønnene veit eg ikkje. Eg har ein liten mistanke om at det kanskje blir brukt ein del innan kondittorfaget, for eg har litt vanskeleg for å tru at så mange esker blir selt til privatkundar på grunn av smaken. På eska står det "Deilig mørk sjokolade med mokkasmak". Det er no sjølvsagt litt smak og behag, men eg kan ikkje tenke meg at det finst ein deilig og mørk sjokolade som har mokkasmak. Eg trur nok at dei som bestemte at det skulle stå på eska har tatt litt for hard i. Sjølv om eg ikkje er noko tilhengar av mokkasmak så håpar eg at "Mokkabønner" overlever på marknaden. Dei høyrer liksom med. Og når produktet har greid seg SÅ lenge så er det vel ingenting som tyder på at mokkatilhengarane ikkje fortsatt skal kunne få si daglege bønne.


Nidar sine "Kremtopper" blei landsert i 1920. "Kremtopper" er toppar av vaniljekrem dekka med mørk sjokolade. Konsistensen på vaniljekremen synest eg er bra. Den er akkurat passeleg fast. Smaken er og grei. Eg synest at smaken på vaniljekremen liknar litt på mint. Og det passar no bra til mørk sjokolade. Eg trur "Kremtopper" hadde blitt enno betre med lys sjokolade, men det er no og mogleg at det kunne ha blitt for søtt. I ei eske er det 23 kremtoppar. Personleg hadde eg nok kanskje foretrukke at dei var litt mindre og litt fleire i eska. Eg synest i alle fall at Nidar kunne ha putta oppi 24 stk., for det såg det no ut til å vere plass til.



Twist (III)

$
0
0


For nokre veker sidan kjøpte eg denne nye "Twist"-boksen hos Freiabutikken i Karl Johans gate i Oslo. Den kosta kroner 120,- og inneheld 400 gram "Twist". Eg fikk opplyst at den berre blir seld i Freiabutikken, men eg trur kanskje at det og er mogleg å kjøpe den gjennom ein nettbutikk som driv med sal av matvarer. Eg vil nok tru at denne "gåveboksen" er gitt ut med spesiell tanke på julehandelen. "Twist" har no hatt mange slike boksar før, men eg synest at det var kjekt at det hadde kome ein ny. Eg trur kanskje at det og var på marknaden ein liknande i fjor. Eg har i alle fall sett bilde av ein boks som var veldig lik, men der stripene på sida var smalare og lokket litt annerleis. Dei kvite stripene synest eg vel eigentleg burde har vore svarte. Kvitt er vel ikkje akkurat noko tradisjonell "Twist"-farge.

Salte jumbomais

$
0
0


Den nye Freia-sjokoladen, "Salte jumbomais", er no på veg ut i butikkane. Dette er "Freia melkesjokolade" med sprø og salte maiskorn. Eg syntest først at namnet på sjokoladen var litt artig. Men etter litt søking på nettet så fann eg ut at det er ein maistype som heiter jumbomais, eller "jumbo corn" på engelsk. (Ein ekstra stor type mais.) Og då blei ikkje namnet så spesielt likevel. Eg er ikkje så begeistra for namn som berre inneheld ingrediensar. Men sjokoladen har no ein fin embalasje.

Dette er visst ein smaksvariant som har vunne ei avstemning på nettet. Eg synest at det er fint at produsentar høyrer på kundane sine. Men ei svakheit med ei slik avstemning er no sjølvsagt at kundane ikkje har smakt dei produkta som dei stemmer fram til produksjon. (Om dei då ikkje har vore produsert tidlegare og blir stemt tilbake på marknaden.)

Eg har tidlegare her på bloggen gjeve uttrykk for at eg ikkje likar så godt at sjokoladar blir produsert i "Begrenset opplag!" slik som denne. Men i dette tilfellet kan eg vel forstå det til ei viss grad sidan kundane ikkje har smakt det produktet som dei har stemt fram, og at produsenten ikkje veit om dei vil like det. Det har altså ikkje vore ei tradisjonell produkutvikling bak. Og om produktet ikkje slår ann så slipp ein då at det blir sett på som ein flopp sidan det berre skulle vere til sals i eit bestemt opplag. Men eg tviler sterkt på at det er "Begrenset opplag!" om det skulle vise seg å bli ein stor suksess. Då vil nok ikkje produktet bli trukke tilbake når opplaget er selt eller salstida eigentleg skulle vere ute.

"Salte jumbomais" synest eg er ein heilt grei sjokolade. Naturleg nok kan smaken minne litt om popkorn, men sidan maisen ikkje er "poppa" så blir det likevel noko anna. Eg trur smaken kunne ha blitt litt betre om maisen i tillegg hadde blitt karamellisert. Konsistensen til "Salte jumbomais" er eg ikkje heilt fornøgd med. Den synest eg faktisk blir litt for sprø. Spesielt når det gjeld i sjokoladeplateform. Så den er nok eit godt stykke ifrå å gå inn blandt mine personlege favorittar. Og det er vel eigentleg bra. For tenk kor irriterande det hadde vore om den nye favorittsjokoladen din hadde kome ut i "Begrenset opplag!".

 

Reklamekort

$
0
0


Her har eg funne fram to gamle Freia-postkort. Slike reklamekort var nok meir vanleg for bedrifter å gje ut før og desse to trur eg er frå første halvdel av 90-talet. Det øverste har eit motiv frå "Ulvøysund" og det nederste frå "Geiranger". "Freia melkesjokolade" har i reklame ofte blitt knytta til norsk natur og desse fine naturmotiva passar no godt til slagordet "Et lite stykke Norge".

Japp

$
0
0

"Japp" blei lansert i Sverige i 1947 og i Norge i 1949. "Japp" er mjølkesjokolade fylt med kakaomarengs og mjuk karamell. Karamell-laget går ikkje heilt rundt men ligg oppå kakaomarengsen. Eg synest at "Japp" har både god smak og god konsistens, men eg hadde vel foretrukke litt mindre kakao i marengsen. Men dette kan ein sjølvsagt ikkje forandre på. Med slike sjokoladar er det viktig å halde på oppskrifta. Embalasjen er no for såvidt fin, men sjokoladen som er avbilda er for mørk i forhald til den verkelege. Noko som etter mi meining er med på å gjere den mindre fristande.



"Japp Hasselnøtt" kom på marknaden i 2010. I staden for å vere ein lang sjokoladebar, som vanleg "Japp", er dette to korte sjokoladebarar. Dette er altså vanleg "Japp" tilsatt hasselnøtter. Eg synest at den er grei på smak, men at det rett og slett er for mykje hasselnøtter i den. Det blir liksom for liten plass til kakaomarengsen. Konsistensen synest eg og er grei, men ikkje like god som hos "Japp".

 

"Japp Star" har nyleg kome på marknaden og er mjølkesjokolade med karamell og peanøttkrønsj. Smaksmessig liknar den nok ein del på "Snickers", men har ikkje like framtredande peanøttsmak. Karamellen går rundt heile kjernen og ligg rett innanfor sjokoladetrekket. Sidan denne sjokoladen manglar både kakaomarengs og "Japp-form" ("Japp Star" er tynnare og nesten rund) så vil eg vel ikkje akkurat seie at den minner meg så mykje om ein "Japp". Og det har nok si naturlege forklaring. Eg vil tru at dette er eit eksisterande produkt produsert ved ein anna Kraft foods-fabrikk som Kraft foods prøver å selje i Norge ved å sette på Freia-logo. Eg har ikkje smakt den andre, men eg har sett bilde av ein sjokolade som er veldig lik frå britiske Cadbury (Oppkjøpt av Kraft foods i 2010.) Den sjokoladen heiter "Starbar". Det er no ikkje første gong at Kraft foods "kamuflerar" utanlandske sjokoladar som "Freia-sjokolade", men eg synest at det er litt rart at dei her dreg inn merkevaren "Japp" i tillegg til Freia-logoen. Men det er vel kanskje for at den skal vere enklare å selje til nordmenn. Eg synest at smaken til sjokoladen er grei, men eg er personleg ikkje så glad i peanøtter i barsjokoladar. Konsistensen til sjokoladen synest eg er god."Japp Star" som sjokoladebar er etter mi meining i minste laget.




Noblesse

$
0
0

 

Denne gamle "Noblesse"-sjokoladeeska kjøpte eg på ei bruktmesse i fjor. Frå utsida kan det sjå ut som om det er ei pappeske, men når ein opnar den ser ein at den er laga av tre. Så vidt eg veit er ordet "noblesse" fransk og betyr adelsmann eller edelheit. Og det kan no stemme godt med bildet på eska. Så dette har nok vore ein litt "finare" sjokolade. I alle fall framstilt som noko litt eksklusivt.


Eg veit ikkje heilt kor gammal denne eska er. Men på to av sidene kan ein sjå at det står "Freia chocolade fabrik Kristiania". Kristiania endra namn til Oslo i 1925 så eg reknar med at den er frå før den tid. Fargane til denne sjokoladeeska er ganske falma. Men det er vel ikkje så rart etter 80-90 år. På innsida av lokket er fargane sterkare og ein ser nok der betre korleis den opprinnelege framsida har vore. Sidan det er det same blidet som er trykt der. Eska er ca. 29 x 16 x 6 cm.


Freia sin søsterfabrikk, Marabou i Sverige, har lenge hatt eit produkt som heiter "Noblesse". Eg har ein liten teori om at dette kanskje kan vere det same produktet, som har overlevd i Sverige men ikkje i Norge. Men det kan no og tenkast at dei berre har tatt i bruk det same produktnamnet etter at norske "Noblesse" var ute av marknaden.

Hobby

$
0
0


"Hobby" frå Nidar blei lansert i 1973. "Hobby" er mjølkesjokolade fylt med gelè og "skum". "Skumlaget", som ligg nederst, er omtrent dobbelt så tjukt som gelèlaget. Gelèen har banansmak. Varianten "Hobby - Bringebær" blei lansert i 1989 og sjokoladen "Hobby - Tutti Frutti" kom i 1990. Men desse slo visst ikkje så godt ann og var ikkje så mange år på marknaden.

"Hobby" er vel ein av dei sjokoladane som eg likar godt, men som eg sjeldan kjøper. Den har nok litt lett for å bli gløymd. Eg har no heller ikkje inntrykk av at Nidar promoterar den noko særleg. Men det var no ein minivariant som var med i ein "Nidar favoritter"-pose i fjor sommar. "Hobby" er ein ganske søt sjokolade og eg synest at den har god smak. Konsistensen synest eg er grei. Sjokoladen er på 48 gram og forsvinn ganske fort. (I alle fall hos meg.) Eg kunne gjerne ha tenkt meg ein større sjokolade. (Ei 200 grams plate hadde kanskje blitt litt drøyt, men det er no ein litt artig tanke.) Det er vel kanskjer på tide at Nidar prøver seg med ein nye "Hobby"-variant igjen for å skape litt meir blest omkring sjokoladen.

Twist (IV)

$
0
0


Her har eg funne fram to bilder av to gamle "Twist"-reklamer. Grunnen til at eg synest desse er litt spesielle er at dei viser den "Twist"-en som var i sal då eg var liten. Etter det eg hugsar så var det ikkje så ofte utskiftningar av bitar i "Twist"-posen då som det er i dag. Og eg trur at den versjonen som er avbilda her var i sal ganske lenge. Min favorittbit frå den tid var den jordbærsjokoladen med blått papir som heitte "Jordbærmarengs". Eg likte og godt den gule som hadde namnet "Peanøttmarengs". Biten "Aprikos" som ein kan sjå oppe til venstre hadde etter det eg kan hugse mørk sjokolade. Den aprikos-biten som er i posen i dag er lys. På desse bilda kan ein og sjå den "berømte" banan-twisten slik den var før. (Den med det oransje og grøne papiret.) Som ein kan sjå så hadde den ei heilt anna form enn den som er i "Twist"-posen i dag.



(Bilda er henta frå www.freia.no)

Smash!-is

$
0
0

No nyleg kom det ein "Smash!"-is frå Diplom-is på marknaden. Sjølv om dette sjølvsagt er meir is enn sjokolade så synest eg det kunne passe å ta den med her. Eg hadde frå før sett bilde av den på nettet men det som overraska meg litt då eg skulle kjøpe den i butikken var at den er så liten. På bildet såg det ut som om det skulle vere ein boks på ca. 1 liter, men det viste seg å vere ein mini-is. (Høgde og diameter på ca. 7 cm.) Dette synest eg var litt skuffande, sjølv om det ikkje påverkar smaken.

"Smash!" frå Nidar er no salte maiskjegler dekt med lys mjølkesjokolade. I "Smash!"-isen er det ikkje brukt kjegler, men små "Smash!"-kuler. Dette synest eg passar bra og dei har fått fram ekte "Smash!"-smak. Men ein kjenner ikkje "Smash!"-smaken når ein ikkje bit over kulene. Sjølve isen er heilt vanleg. Så eg synest vel kanskje at det burde vere litt fleire "Smash!"-kuler i isen. I alle fall når det er i ein så liten boks. Det er no "Smash!"-smaken folk er ute etter når ein kjøper ein slik is. Eg trur nok kanskje at ein 1-liters-boks vil kunne ha større potensiale enn mini-varianten. For den eignar seg bra som dessert-is.

Lion White

$
0
0

For ei stund sidan kjøpte eg meg ein "Lion White" i ein kiosk. Det er mogleg at denne sjokoladen har blitt seld i andre land før, men eg trur den er ny på den norske marknaden. Eg reknar med at dette er ein såkalla "limited edition"-sjokolade og den er nok helst å få kjøpt i kioskar. Eg tvilar litt på at daglegvareforretningane kjem til å ta den inn. Den vanlege "Lion"-sjokoladen synest eg er god på smak og har bra konsistens. "Lion White" har ikkje dei krispkulene som vanleg "Lion" har på toppen av kjeksen, så konsistensen blir ikkje fult så sprø som den. Og mjølkesjokoladetrekket er bytta ut med "kvit sjokolade". Kjernen i "Lion" er ein slags kjeks blanda med karamell og er ein ganske dominerande del av sjokoladebaren. Når ein då bytar ut mjølkesjokoladetrekket med "kvit sjokolade", som ein her har gjort, så smakar det etter mi meining ikkje lenger som ein sjokolade.

 

Viewing all 179 articles
Browse latest View live