Våren er komen og temperaturen stig. Eg tenkte at det då kunne passe å ta fram det gamle Kvikk lunsj-termometeret mitt. Eg veit ikkje kor tid dette "reklameskiltet" kom ut men om eg skal tippe så vil eg vel seie 80-talet eller tidleg på 90-talet. Det er litt rust rundt skruehola og fargane er litt falma, så det er tydeleg at dette termometeret har vore i aktiv tjeneste utandørs. Ein ser det no ikkje av bildet, men dette termometeret er faktisk ganske stort. Det er vel ca. 50 x 15 cm. Eg vil nok tru at det kanskje har hengt utanfor ein butikk eller ein kiosk.
Kvikk lunsj-termometer
Sjokoladepudding
Då "Freia Melkesjokolade"-puddingen kom på marknaden i september i fjor hadde eg eigentleg ikkje tenkt å smake den. Eg rekna med at den var omtrent som vanleg sjokoladepudding. Men når "Smil"-sjokoladepuddingen dukka opp litt seinare fann eg ut at eg måtte prøve begge. "Smil" er no veldig godt og eg var spent på om dei hadde greid å overføre den smaken til pudding.
Både "Melkesjokolade"-puddingen og "Smil"-puddingen er mildare på smak enn vanleg sjokoladepudding. Og det synest eg er bra. Eg kjenner behov for mindre vaniljesaus på desse puddingane enn eg vanlegvis brukar på sjokoladepudding. Eg trudde at eg av desse to "Freia"-puddingane ville kome til å foretrekke "Smil"-puddingen, men eg trur faktisk at eg likar best "Melkesjokolade"-puddingen. "Smil"-puddingen var grei på smak, men eg kan vel ikkje seie at den innfridde forventningane mine. "Smil" er eit veldig sterkt varemerke og fallhøgda er stor. Puddingen smakar litt annleis, men eg synest ikkje at dei har greid å lage ein ekte "Smil"-pudding. Og kanskje er det heller ikkje mogleg.
Eg synest det er bra at Tine får litt konkurranse på ferdigpudding-marknaden. Men eg trur nok at "Freia"-puddingane kjem til å slite litt. Og grunnen til at eg meiner det er prisen. Det er vel gjerne slik at ei vare er dyrast når den er ny på marknaden. Men i skrivande stund får ein vel dobbelt så mykje vanleg sjokoladepudding for ca. 10,- kroner mindre. Og denne prisforskjelen trur eg må utgjamnast om "Freia"-puddingane skal ha ein sjanse til å få fotfeste. Eg synest at begge desse puddingane er betre enn vanleg sjokoladepudding. Men ikkje så mykje betre at det forsvarar den store prisdifferansen. (Som er på noverande tidspunkt.) Og etter at "Freia Melkesjokolade"-puddingen kom så har Tine lansert sin eigen mjølkesjokoladepudding. Så det blir nok ikkje så lett.
M - Sjokoladeplate
1. mai er ein av lanseringsdatoane for nye produkt i varehandelen og eit produkt som no er på veg ut i butikkane er "M - Sjokoladeplate". (190 gram) Eg vel å kalle den det sjølv om det offesielle namnet er "Freia Melkesjokolade med M". Og beskrivinga er "Freia Melkesjokolade med hakkede peanøtter og drasjerte melkelinser.". Dei har her altså slått saman klassikarane "Freia Melkesjokolade" som kom i 1906 og "M" som kom i 1957. Sjølv om desse seperat er veldig gode produkt så betyr ikkje det at kombinasjonen nødvendigvis blir like god. Eg var litt spent på om den skulle innehalde drasjerte peanøtter som i "M", men peanøttene er her hakka for seg og dei drasjerte mjølkelinsene for seg. Men alt er blanda så det blir no ein slags "M"-smak. Konsistensen synest eg er bra. (Dei drasjerte mjølkelinsene gjer den litt "knasande".) "M - Sjokoladeplate" blir etter mi meining ikkje like god som dei to inviduelle produkta, men det har no blitt ein bra sjokolade. Om den greier å klamre seg fast på marknaden gjenstår vel å sjå. Folk som er glade i "M" vil vel no i starten kjøpe den på grunn av namnet. Men eg trur no og at dei i lengda vil foretrekke vanleg "M" i pose.
Eg reknar med at "M - Sjokoladeplate" skal erstatte "Jumbomais" som kom ut tidlegare i år. "Jumbomais" er no fortsatt å få kjøpt, men sidan det var ein "limited edition"-sjokolade så reknar eg med at den om ei stund blir fasa ut av marknaden.
Sportlunch
"Sportlunch" frå Cloetta (Sverige) blei lansert i 1936. Sjokoladen hadde namnet "Mellanmäl" heilt fram til 1996 då den skifta namn til "Sportlunch". "Sportlunch" er ein kjekssjokolade og kan vel samanliknast med "Kvikk lunsj". Men "Sportlunch" er litt lysare på farge og søtare på smak. Og kjeksen smakar og litt annerleis. Eg vil nok seie at eg foretrekk kjeksen som er i "Kvikk lunsj". Men eg synest at "Sportlunch" er bra på smak og at konsistensen er grei. Vanleg "Sportlunch" er på 80 gram, men no nyleg har det og kome ein "bar-variant" på 50 gram.
For første gong sidan 1936 har det no kome ein ny smaksvariant av "Sportlunch". Den har fått namnet "Sportlunch Power Break". Det som skiljer denne sjokoladen frå vanleg "Sportlunch" er at det er eit lag med hasselnøttbitar og karamell under kjeksen. (Og då litt mindre kjeks.) Karamellen synest eg minner om den som er i sjokoladen "Center". Og sidan den sjokoladen kjem frå same produsent så er no det mogleg at det er den karamell-typen dei har brukt. Eg synest at karamellen og hasselnøttene er med på å gjere både smaken og konsistensen litt betre enn hos vanleg "Sportlunch". Denne sjokoladen er og på 50 gram. Men mens "Sportlunch"-baren er inndelt i to "ruter" så er denne inndelt i tre litt mindre.
Kongen av Norge
Det er nok ein del som hugsar dropsa "Kongen av Danmark" frå Nidar. "Kongen av Danmark" var ganske store drops så "Kongen av Norge" frå Freia var nok ein heilt annan dropstype. (Sidan boksen berre er ca. 8 x 5 cm og 1,4 cm høg.) Eg trudde at "Kongen av Danmark" hadde gått ut av produksjon i Norge, men dropstypen blir visst fortsatt produsert av den norske dropsfabrikken Metier. Så "Kongen av Danmark" er altså ein dropstype (som blandt anna inneheld anis) og ikkje eit spesielt dropsmerke slik som "Kongen av Norge". Eg rekna først med at "Kongen av Norge" kom før "Kongen av Danmark" sidan denne boksen er såpass gammal. Men eg fann ut at "Kongen av Danmark" før blei produsert av Kiellands dropsfabrikk (etablert i 1891) som blei kjøpt opp av Nidar i 1975. "Kongen av Danmark"-drops har og blitt produsert av andre skandinaviske fabrikkar så eg reknar med at "Kongen av Norge" blei lansert seinare. Og at Freia fikk ideen til namnet på grunn av at "Kongen av Danmark" allereie var på marknaden.
Lakristwist-pose
No nyleg har det dukka opp ein eigen pose for twistbiten Lakris. Eg har sjølv tidlegare vore inne på tanken om at den biten kunne ha eigna seg i ein eigen pose i tillegg til "Twist"-posen. Noko som eg synest er ekstra kjekt ved at akkurat den biten har fått sin eigen pose er at det er den einaste twistbiten som blir produsert i Norge. Noko som er synd er at det ser ut til å berre vere midlertidig. Det står i alle fall "Begrenset opplag" på posen. Posen inneheld 33 Lakris-twistar. Det gjorde i alle fall min.
Stratos sjokokjeks
For ein månad sidan kom "Stratos sjokokjeks" på marknaden. Sjølv om dei har fått det namnet så meiner eg at dette er meir kjekssjokolade enn sjokoladekjeks. I kvar pakke er det 5 mindre pakkar som igjen inneheld to små kjekssjokoladar. Det som er veldig spesielt med dette "Stratos"-produktet er at det ikkje blir produsert av Nidar men av Sætre. Sætre kjeksfabrikk blei starta i 1883 og har i år 130 års-jubileum. Men ein kan vel seie at det i dag meir er eit varemerke sidan kjeksproduksjonen blei flytta frå Norge til Sverige i år 2000. Eg syntest først at det var veldig rart at Sætre står som produsent av dette produket. Ein skulle no tru at Nidar ikkje ville slippe Stratos-produksjonsprosessen ut av fabrikken i Trondheim. Den har no vore sett på som veldig hemmeleg. Men eg fann ut at Orkla, som eig Nidar, og er eigar av Sætre. Så då blei dette samarbeidet meir forståeleg.
Men eg trur nok kanskje at det hadde vore lurt at Nidar hadde produsert dette produktet sjølv, og heller kjøpt inn kjeksingrediensen frå Sætre. Eg veit ikkje grunnen til at dei har valt å gjere det på den måten som dei har gjort, men det er vel kanskje billegare å produsere produktet i Sverige. Ein stor ulempe er nok at det no blir plassert i kjekshylla i butikken. Eg trur at det kunne ha selt betre om det hadde blitt plassert blandt sjokoladen. Og kor produktet blir plassert er nok ikkje opp til kvar enkelt butikk. Det ser tilfeldig ut, men plassane i sjokoladehylla er så vidt eg veit avtalefesta mellom kvar butikk-kjede og produsentane. Så det er nok enklare for Nidar enn Sætre å få produktet plassert der.
Inne i sjokoladebarane er det eit tynt kjekslag øverst og nederst og "Stratos"-sjokolade i midten. Eg synest at både smaken og konsistensen er bra. Men det er ikkje like godt som vanleg "Stratos".
( Eg meiner vel at Nidar her "gambler" litt med varemerket sitt "Stratos". Det er nok små variasjonar og detaljar i produksjonen som kan påvirke sjokoladesmak. Når ein då skal få fram nøyaktig same smak ved ein heilt annan fabrikk så er nok ikkje det alltid så lett. Eg reknar med at Nidar sine folk her har vore med i prosessen og kvalitetssikra produktet ved Sætre sin fabrikk i Sverige. Og kjekssmaken gjer no og at det er vanskeleg å samanlikne smaken på sjølve sjokoladen med den orginale. Men eg meiner at det er ein uttrygg veg å gå. "Stratos" er blandt Nidar sine aller viktigaste varemerker.)
Munch 150 - Freiasalen
I år er det 150 år sidan kunstnaren Edvard Munch blei født. Eitt av utsmykningsoppdraga som han hadde var "Freiasalen" som han jobba med i 1922-23. Utsmykninga består av 12 store måleri der dei fleste av motiva er henta frå Åsgårdstrand. Tidlegare hadde Freia tre matsalar for dei tilsette. Ein for funksjonærar, ein for dei kvinnelege arbeidarane og ein for dei mannlege arbeidarane. Utsmykninga blei gjort til kvinnene sin matsal og betalinga var 80 000 kroner. I 1934 fikk dei tilsette felles matsal og kunsten blei då montert i den. Salen er utforma av arkitekten Ole Sverre. No i sommar er "Freiasalen" open for publikum i helgane. Eg var der sjølv for nokre veker sidan og sidan eg er veldig interessert i både Edvard Munch og sjokolade så var det ei stor oppleving.
I samband med 150-årsjubileumet til Munch er 100-gramsplatene med "Freia melkesjokolade" akkurat no dekorerte med fire av måleria frå "Freiasalen".
Reklamekort (II)
Her har eg funne fram eit Freia-reklamekort for posesjokoladen "M". Denne sjokoladen blir marknadsført som "filmsjokoladen" og som ein kan sjå av bildet så refererar dei her til den kjende western-filmen "The good, the bad and the ugly" med Clint Eastwood. Ein del hugsar vel kanskje den "M"-posen som er på bildet. Eg trur at den var i bruk ganske lenge. Det postkortet som eg har er ikkje brukt så det har ikkje noko poststempel med årstal. Men der står at portoen skal vere kr. 3,50. Og etter det eg har funne ut så var den det frå 1993-96.
Soho på veg tilbake
Det har i dag blitt kjent at sjokoladen "Soho" er på veg tilbake på marknaden. På veg har den vel eigenleg vore heilt sidan den vann ein avstemningskonkurranse i samband med den "Jubileumsposen" som kom frå Nidar tidleg i 2012. Men no har det blitt bekrefta at "Soho" kjem på marknaden i september. Så vidt eg veit startar dei opp produksjonen i neste veke. Som ein kan sjå av bildet så har den fått ei anna form enn den orginale varianten. Den orginale "Soho", med sin karakteristiske form, blei produsert med ei spesiell maskin som Nidar ikkje har lenger. Dei har valt å produsere den nye med same maskin som sjokoladen "Caramello", så eg reknar med at den kanskje vil likne litt på den i form. Hos den orginale "Soho"-varianten var det litt problem med haldbarheita på "yoghurt-fyllet". Dette har no blitt fiksa og Nidar påstår at smaken skal vere den same.
Det er nok mange som både har venta på og mast om at "Soho" skal bli relansert. Eg må vel seie at eg er litt spent på korleis den vil greie seg på marknaden. Eg har vel tidlegare uttrykt at eg har vore litt skeptisk til ei relansering av "Soho" utan den karakteristiske forma og embalasjen. Eg trur det er ein vesentleg del av den "Soho-lengselen" som mange tydlegvis har. Men Nidar har vel eigentleg gjort rett i å produsere den nye på denne måten. Å kjøpe inn ei heilt ny maskin for å få den produsert i orginalform hadde vel blitt ei altfor risikabel investering. Og ein snakkar nok her om millionar. Om den ikkje greier seg på marknaden så trur eg det vil skyldast at den ikkje har orginal form og embalasje. Men sjølv om den hadde hatt det så hadde Nidar ikkje hatt nokon garanti for at ei relansering ville bli vellykka. Og kunne då tapt store pengar. Eg håpar i alle fall at den greier seg bra og at "Soho"-fansen blir fornøgd.
Trykkplater
Her har eg funne fram tre Freia-trykkplater som eg har. Eg veit ikkje kor gamle dei er og det er nok heller ikkje så lett å finne ut. Dei fleste kjenner vel til sjokoladane "Monolit" og "Helnøtt" som framleis er i sal, mens "Fløtenøtt" er meir ukjent. Eg veit ikkje i kva slags tidsrom sjokoladen "Fløtenøtt" blei produsert, men eg trur kanskje at den gjekk ut av produksjon på 80-talet. Eg har aldri smakt den, men eg har høyrt at den var god.
Mokkabønner og Kremtopper
To sjokoladeprodukt som eg knyttar til jul er "Mokkabønner" og "Kremtopper". (Sjølv om eg så og seie aldri kjøper dei sjølv.) Produkta blir selt året rundt, men har nok tradisjonelt sett blitt sett på som juleprodukt. Embalasjen til desse to produkta blei redesigna i 2010 og er vel kanskje den mest vellykka redesignen eg har sett på noko sjokoladeprodukt. Dei greide å lage ein lekker og "fristande" embalasje og samtidig behalde kjernen av det gamle.
"Mokkabønner" frå Nidar kom på marknaden i 1924. (Men Bergene som seinare fusjonerte med Nidar starta produksjon av mokkabønner i 1917.) Mokkabønner er mørk sjokolade smaksatt med kaffe og sjokoladane er forma som kaffebønner. Eg synest at det er litt utruleg at dette produktet har overlevd på marknaden så lenge. Og i følgje Nidar sine nettsider har dei i det siste året selt ca. 590 000 esker. Kven det er som kjøper alle desse mokkabønnene veit eg ikkje. Eg har ein liten mistanke om at det kanskje blir brukt ein del innan kondittorfaget, for eg har litt vanskeleg for å tru at så mange esker blir selt til privatkundar på grunn av smaken. På eska står det "Deilig mørk sjokolade med mokkasmak". Det er no sjølvsagt litt smak og behag, men eg kan ikkje tenke meg at det finst ein deilig og mørk sjokolade som har mokkasmak. Eg trur nok at dei som bestemte at det skulle stå på eska har tatt litt for hard i. Sjølv om eg ikkje er noko tilhengar av mokkasmak så håpar eg at "Mokkabønner" overlever på marknaden. Dei høyrer liksom med. Og når produktet har greid seg SÅ lenge så er det vel ingenting som tyder på at mokkatilhengarane ikkje fortsatt skal kunne få si daglege bønne.
Nidar sine "Kremtopper" blei landsert i 1920. "Kremtopper" er toppar av vaniljekrem dekka med mørk sjokolade. Konsistensen på vaniljekremen synest eg er bra. Den er akkurat passeleg fast. Smaken er og grei. Eg synest at smaken på vaniljekremen liknar litt på mint. Og det passar no bra til mørk sjokolade. Eg trur "Kremtopper" hadde blitt enno betre med lys sjokolade, men det er no og mogleg at det kunne ha blitt for søtt. I ei eske er det 23 kremtoppar. Personleg hadde eg nok kanskje foretrukke at dei var litt mindre og litt fleire i eska. Eg synest i alle fall at Nidar kunne ha putta oppi 24 stk., for det såg det no ut til å vere plass til.
Mokka & melkesjokolade
Den nye sjokoladeplata "Mokka & melkesjokolade" frå Nidar er no på veg ut på marknaden. Sjokoladeplata er på 170 gram og har eit lag med mokkasjokolade øverst og eit lag med vanleg mjølkesjokolade nederst. Sidan eg likar best lys sjokolade så har eg aldri vore noko tilhengar av å blande lys og mørk sjokolade, som dei her har gjort. Men det blir no seld veldig mange esker med "Mokkabønner" i løpet av året så det kan no tenkast at denne blandingsplata vil greie seg på marknaden. Som det går litt fram av teksten på baksida av embalasjen så rettar nok Nidar seg her inn mot den kaffedrikkande delen av befolkninga. Og eg trur nok at den vil ha større suksess som "kaffe-sjokolade" enn vanleg "ete-sjokolade". Men ein risikerar sjølvsagt med ein slik sjokolade at den på ein måte "hamnar mellom to stolar". At dei som er glade i mokka-smak heller foretrekk "Mokkabønner" og at dei som foretrekk mjølkesjokolade heller vel ein sjokolade som består av berre det.
Sjølv om det ikkje akkurat var mokkasjokolade så har no Nidar prøvd å blande lys og mørk sjokolade før. Ein del hugsar nok sjokoladeserien "Yade" som gjekk ut av marknaden i 2011. Men den hadde no den lyse sjokoladen øverst og den mørke nederst. Og i tillegg var det vel eit slags "fyll-lag" i midten. Så det blir no litt feil å samanlikne dei sjokoladane med denne.
Sidan eg ikkje er nokon mokka-tilhengar så kan eg vel ikkje akkurat seie at eg likar denne sjokoladen noko særleg godt. Vel, eg likar godt den lyse delen, men mokkasmaken trekk kraftig ned. Men eg synest no sjølvsagt at den er betre enn "Mokkabønner". Embalasjen synest eg er fin, men at det er litt skjemmande det "UTZ certified kakao"-merket som er nede til venstre. Dei kunne gjerne ha latt det stå berre på baksida. Men sidan Nidar visst er ein av dei første sjokoladeprodusentane i verda som berre kjøper UTZ-setifisert kakao så vil dei vel gjerne vise det fram. Og bak på embalasjen får ein forklart at "kakaoen er dyrket på en ansvarlig og berekraftig måte, med respekt for mennesker og miljø.". Og det er no veldig positivt. Men eg tviler vel på at så mange av kundane veit kva UTZ-sertifisert betyr når dei berre ser merket på framsida.
Slutt på Freia Melkedrøm
Sjokoladeplateserien "Melkedrøm" har no gått ut av produksjon. Det kan vel finnast nokre plater igjen i nokre butikkar, men det er nok siste rest. Dei første variantane av sjokoladen kom i 2009. Til saman har det vore seks forskjellige variantar av "Melkedrøm" på marknaden, men ikkje alle på same tid.
Dei seks forskjellige fylltypane som har vore er : -Bringebær og yoghurt, -Karamell og valnøtt, -Krokan, krem og karamellsaus, -Kjeks, krem og sjokoladesaus, -Kjeks, krem og jordbærsaus, -Vaniljekrem og blåbærsaus.
Grunnen til at dei no har gått ut av produksjon reknar eg med er fordi dei ikkje sel nok til å forsvare sin plass i butikkhylla.
Fruktnøtt
For nokre månadar sidan fikk "Fruktnøtt" (saman med dei andre Freia-sjokoladeplatene) ny embalasjedesign. Eg likar ikkje så godt den nye embalasjen som den gamle. Det er spesielt den kvite logoen mot lilla bakgrunn som eg ikkje synest passar. Sjokoladebitane som er avbilda ser og litt for mørke ut og rosinene liknar på lakrisbitar. Men det "bandet" som går frå Freia-logoen og over heile framsida er finar på den nye embalasjen.
"Fruktnøtt" blei lansert i 1963 og er "Freia melkesjokolade" med hasselnøtter og rosiner. Mjølkesjokolade, hasselnøtter og rosiner synest eg passar meget bra i lag. Og spesielt rosinene synest eg bidreg til at sjokoladen og får ein god konsistens. "Fruktnøtt" er faktisk ein av mine favorittsjokoladar. Kva er dine favorittar?
"Rosekonfekt"
Her har eg funne fram ei gammal konfekteske som eg berre har kalla "Rosekonfekt". På eska står det Freia-logo under, på sidene og på eit lite klistermerke på lokket. Men det står ikkje kva sjølve konfekttypen heiter. Sidan den ikkje har noko namn så er det og vanskeleg å finne ut kor gammal den er. Men eg vil tru at den kan vere frå før 1950. Eska er ca. 22,5 x 15 x 2,5 cm.
Smash! - creamy pepper
Ein del har kanskje lagt merke til at det no nyleg har kome ein ny "Smash!"-variant i butikkane. Vi kan vel seie at sjokolade på ein vellykka måte kan kombinerast med salt. Men kombinasjonen sjokolade og peppar høyrest no ganske håplaus ut. Ja, og ikkje høyrest det godt ut heller. Men "Smash!" er no heller ikkje noko vanleg sjokoladeprodukt. Og eg var ganske spent på korleis kombinasjonen ville fungere her.
På baksida av posen står det at dette er salte og sprø maiskjegler krydra med pepper og rømme. No er vel ikkje akkurat rømme eit krydder, men eg vil tippe at rømme er med for å "runde litt av" peppar-smaken. Og eg vil vel seie at det fungerar greit. "Smash! - creamy pepper" synest eg er betre enn namnet skulle tilseie, men ikkje så god som orginal-varianten.
Eg trur at mange som likar godt "Smash!" vil kjøpe den nye varianten i starten, men at dei etter ei stund vil gå tilbake til vanleg "Smash!". Og sidan eg trur at det er få som vil ha "Smash! - creamy pepper" som sin favoritt, framfor den orginale, så trur eg at den kan få problem med å etablere seg som ein paralell variant.
#sjokolade
Yoghurt med Non stop
Eg har lenge vore imponert over Q-meieriene (Kavli) si nyskaping innan meierivaresegmentet. Både når det gjeld nye produkt og emballasjar så har dei liksom vore eitt hakk framfor Tine dei siste åra. Og det at Q-meieriene har blitt ein såpass betydeleg konkurrent i marknaden kjem nok forbrukarane tilgode. For då blir og marknadsleiaren Tine nødt til å skjerpe seg.
Sjølv om ein del typar nok inneheld ein del sukker så har vel yoghurt blitt sett på som eit sunt alternativ til snacks og godteri. Men med Q-meierienen sinn "Non stop-yoghurt" har dei her fjerna denne grensa mellom yoghurt og godteri. Sjølv om det på ein måte er orginalt så trur eg ikkje at dette er vegen å gå. I desse dagar er det ganske stort fokus på kosthald og sunn mat og eg trur Q-meieriene heller burde ha konsentrert seg om å utvikle ein best mogleg sunn yoghurt. Eg trur "Non stop-yoghurten" vil kunne bli tatt godt imot av barn og unge, men at den nok kan skape ein del "frustrasjon" blandt småbarnsforeldre. Med denne yoghurten på marknaden blir nødløysinga : "Nei, du kan ikkje få godteri i dag......Men du kan få deg ein yoghurt." ikkje lenger like aktuell blandt butikkhyllene. Då må ein nok i såfall belage seg på ein ny diskusjon om kvifor barnet då ikkje får velje "Non stop-yoghurten".
Sjølve yoghurten, som har vaniljesmak, synest eg smakar bra. Når ein puttar oppi "Non stop"-bitane blir det litt uvant, men det passar no greit i lag. Men smaksmessig trur eg dette produktet hadde blitt bedre om ein i staden for vanleg "Non stop" hadde valt å bruke typen "Non stop - Melkesjokolade". (Som kom på marknaden i 2004.) I vanleg "Non stop" er det mørk sjokolade, noko som etter mi meining ikkje er like godt.
#sjokolade #yoghurt #mat
Kong Haakon (III)
Her har eg funne fram den minste sjokoladeeska som eg har. Ja, det er faktisk berre plass til tre konfektbitar i den. Eg veit ikkje om desse eskene har vore for sal eller om dei har blitt delt ut som gratis "smaksprøver". Men utifrå det som står på innsida av lokket kan det sjå ut som om dei har blitt brukt som eit slags reklameprodukt for tax-free sal av ei større "Kong Haakon"-eske ombord på SAS-fly. Eg er litt usikker på kor gammal den er, men eg trur at den kan vere frå 70-talet. Denne mini-konfekteska er ca. 5,5 x 7,5 x 2 cm.
#nostalgi #Freia #sjokolade
Dumle Original Bar
"Dumle Original Bar" frå det finske selskapet Fazer dukka tidlegare denne månaden opp i butikken. "Dumle - kjærlighet på pinne" kom i 1960 (Sverige). Men eg reknar med at dei kom ein god del seinare på den norske marknaden. I 1987 blei den mjuke "Dumle"-karamellen lansert. Så vidt eg hugsar har og "Dumle"-karamellen og vore til sals i smaksvariantane lakris, banan og mint.
Etter mi meining er "Dumle"-karamellen meget god, så eg var litt spent på om "Dumle" i barform ville vere like godt. Eg tenkte vel at det kanskje ikkje ville passe like bra med ein såpass seig karamell i ein barsjokolade. Men det viste seg at karamellfyllet i denne sjokoladebaren er ein del mjukare enn i "Dumle"-karamellane. Men det er heller ikkje for flytande. Eg vil vel seie at konsistensen på fyllet er akkurat passeleg for ein barsjokolade av denne typen. "Dumle Orginal Bar" er på 40 gram og består av 5 "separate" ruter av mjølkesjokolade med karamellfyll i. Eg føretrekker nok "Dumle"-karamellar framfor denne sjokoladen, men eg synest at den er god.
#sjokolade #blogg #helg