Her er ei gammal konfekteske som eg kjøpte på "Ekebergmarkedet" for nokre veker sidan. "Ekebergmarkedet" er ein stor bruktmarknad i Oslo som blir arrangert to gongar i året. Denne konfekteska har ikkje noko namn så eg har her berre kalla den for "Vinterkonfekt", utifrå motivet på framsida. Sidan den ikkje har noko eige namn kan det vere vanskeleg å finne ut kor tid den var i sal. Men eg reknar no med at den er ganske gammal. Eg veit ikkje om dama som er avbilda på eska skal forestille ein spesiell person eller om det berre er eit generelt bilde. Om det skal forestille ein bestemt person kan eg tenke meg at det kanskje kan vere den kjende kunstløparen Sonja Henie. Ho var ein veldig stor og populær idrettsutøvar og tok blandt anna 10 VM gull og 3 OL-gull frå slutten av 20-talet og utover 30-talet. Men dette blir no berre spekulasjonar frå mi side. Det kan no og vere at Freia berre har ønska seg eit vanleg vintermotiv på framsida. Konfekteska er ca. 23,5 x 17 x 3 cm og har gullfarga sider.
#nostalgi #Freia #sjokolade